Veiledartur
Ny tur uten lærarar stod for tur. Denne gongen var det B3 Friluftsliv studentene som skulle vera veiledarar for oss i B2 og B1. Tilsamen var me 8 som skulle på tur i 3 dagar, men to blei sjuk før avreise. Turen gikk til Haukåsen med flybussen og så til fots til Lingsetevatnet.
Plassen hadde bålplass i frå før under to store furuar. Dette hjalp veldig når regne stod på. Me satt opp to telt og begynte med å sanke ved og ordna til leirplassen
Under turen hadde med litt leik og bygde oss kubb. Me hadde og ein tur på Storehaugen der me fokuserte på kompass kurs og kart. Ellers vart fokuset på mat og bålkos.
Kokegrop
Kokegrop kan ein gjere på ulike måtar og utformingar. Hovud prinsippet er at ein pakkar inn maten og leggjer det nedi gropa med varmesteinar og tetter igjen slik at maten blir tørrkokt (Fooladi & Løvøy, 2014).1. Det første man må gjere er å grave eit hull i bakken. Det lurt å grave det ut sånn at torva er mest mulig i heile stykkjer fordi den skal man bruke i ettertid. Størrelsen og dybden er avhenging av kor mykje mat ein skal ha nedi, metoden, og kor flate steinar ein har tilgang til.
2. Etter at hulet er gravd ut må ein finne steinar. Desse steinane skal først dekke veggene og så bunnen. Så skal ein lage eit bål nedi gropa, slik at steine blir varme.
3. Pakk maten godt inn, for eksempel i aluminiumsfolie. Det er lurt med fleire lag. Dette kan ein gjere dagen før.
4. Når bålet er godt i gang kan man legge på fleire steinar og let bålet brenne heilt ned
5. Løft ut dei lause steinene, ikkje dei som dekker bunn og vegger. Legg maten og stein lagvis oppå kvarandre og legge torva tilbake på gropa. Bruk stein og jord for å dekke til der det er utett. Ved utett kan ein sjå der det siver ut damp.
6. Eit lammelår kan ligge frå 2,5 til 4 timar mens fisk tildømes kan ligge vesentlige kortare.
7. Dra torva til sides igjen og plukk ut maten. Deretter legger ein tilbake torva slik at det skal sjå ut som at det ikkje har vert nåke der, sporløstferdsel (Fooladi & Løvøy, 2014).
Referanse:
Fooladi, E. og Løvøy, M. Hvordan vi lager kokgrop i dag. Tilgjengelig fra:
http://www.natursekken.no/c1187998/forsok/vis.html?tid=1234129&within_tid=1188274 (Lest: 11.11.14).


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar